Vi søker etter matros på sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. Fergestrekninga Brekstad-Valset går over Trondheimsfjorden og er eit sentralt bindeledd mellom Ørland og fastlandet, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt
noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget. I denne stillinga jobbar du døgnvakter 2 veke på og 2 veke fri
ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Søkjar bør bu lokalt.. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Arbeidsoppgåver Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet Oppgåver iht. alarminstruks Verne
og miljøarbeid Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Kundebehandling Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna Kvalifikasjonar Ferdighetssertifikat Matros Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise
og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid Godt humør God kommunikasjonsevne Serviceinnstilt Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Gode velferdsordningar
Skiftordning:
Døgnvakter, 2 veker på og 2 veker av. Kontaktinformasjon Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518 Arbeidsstad 7130 Ørland Nøkkelinformasjon: